Bronsemerkekurs Vår 2019

Det er klart for bronsemerkekurs i lydighet i OODK.

Kurset vil i hovudsak gå på torsdagar, men vi legg på to tysdagar for å styre gjennom helgedagane i mai og likevel bli ferdig før sommarferien. Målet med kurset er å ta bronsemerket, og det blir lagt opp til at det må trenast mellom kurskveldane.

Første kursdag er torsdag 25. april, prøven skal haldast tysdag 18. juni. Tidspunkt for treningane er 18.00-19.30, treningsstad er Brekke. Instruktør er Janne Grete Aspen. 

Påmelding på messenger eller på mail til janne.grete.aspen@getmail.no. Påmeldinga må innehalde namn på førar og hund, i tillegg til alder og rase på hunden. Betaling til OODK-konto: 1503.61.36720. Merk betalingen med Bronsemerkekurs 2019 og namn på hund og førar. Medlemmer kan bruke OODK-poeng til å betale med. Pris: 1600 kroner for medlemmer, 1900 kroner for ikkje-medlemmer. Påmeldinga blir stadfesta når innbetalinga er registrert. Eg lagar ei facebookgruppe for kurset, og legg dykk til som medlemmer etter kvart. Minimum 4 deltakarar, maksimum 8.